
– Me treng kulturminne fordi dei hjelper oss å forstå og bevare historia vår
Å finne den gode balansen mellom å ta vare på og skape nye verdiar, er den mest spennande utfordringa for oss som jobbar med kulturminne.
Kulturminnefondet ser det som viktig at det blir lagt til rette for ei framtidig bruk av kulturminne som blir sette i stand. Mange kulturmiljø blir redda i dag av eigarens motivasjon, engasjement og vilje. Lokalsamfunn og dugnadsinnsats. Frivillige og eldsjeler. Det nære samarbeidet med eigarane er derfor Kulturminnefondet viktigaste strategi.
Det kan vere vanskeleg å setje ord og tal på korleis kulturminne, bygningsarv, kulturmiljø og handverkstradisjonar påverkar oss. Og kva verdiar dei representerer. Og kvifor det er viktig å ta vare på dei.
Ei ny utgreiing frå Agenda Kaupang og Asplan Viak dokumenterer den store samfunnsnytta som blir utløyst gjennom Kulturminnefondets tilskotsordning. Rapporten viser òg at kulturminna som får støtte frå Kulturminnefondet ikkje berre blir sette i stand; dei blir òg aktivt tekne i bruk. Dette meir enn doblar samfunnets innsats for å bevare kulturminne, samtidig som det utløysar privat engasjement og midlar frå andre kjelder.

Kulturminnefondet påverkar òg kvaliteten i bevaringsprosjekta fordi fondet har ein løysingsorientert dialog med søkjarane som kan "dulte" prosjekta i rett fagleg retning.
Det skal vere enkelt for eigarar å søkje om tilskot, og det skal vere enkelt å kontakte Kulturminnefondet. Kulturminnefondet vil finne gjennomførbare og berekraftige løysingar saman med eigarane. Dei fleste søkjarane synest òg det er enkelt å lage søknaden sin sjølv.
Allmenta si tilgang til og oppleving av kulturminna er ein viktig faktor for å vurdere samfunnsnytten. Resultata viser at ein stor del av tilskotsmottakarane sine kulturminne er tilgjengelege for allmenta, anten visuelt frå vegar og plassar, eller ved at folk kan gå inn på området, i bygningane, eller rett og slett oppleve kulturminna.
Talet på menneske som opplever kulturminna aukar betydeleg etter istandsetjing, noko som tyder på at tilskot frå Kulturminnefondet bidreg til å gjere kulturminne meir tilgjengelege og opplevingsrike for eit breitt publikum.

Dette er spesielt viktig fordi vi er mange som verdset autentiske og historiske opplevingar.
Kulturminnevern gjer lokalsamfunn til betre stader å leve. Ifølgje informantane skapar kulturminnevern identitet, tilhøyrsle, stoltheit og samhald, som er viktige dimensjonar av sosial berekraft. Det bidreg til aktive lokalsamfunn med djupe røter. Tilskotet får fleire til å reflektere over eigne kulturminneverdiar og kva dei kan gjere for å bevare dei.
Undersøkinga viser korleis bevaring av kulturminne bidreg til lokal og regional utvikling. Til dømes kan istandsetjing av historiske bygningar ha ein positiv effekt på lokalmiljøet, og kan skape oppdrag for handverkarar og moglegheiter for kurs og opplæring.
Kvar krone som blir gitt i tilskot, gir 3,38 kroner i samla innsats. Folk brukar eigen tid, pengar og materialar som dei elles ikkje ville brukt. Det utløyser òg ein stor frivillig innsats.
Undersøkinga viser at tilskot frå Kulturminnefondet bidreg til auka leigeinntekter, nytt eller utvida bruksområde og kvalitetsmessig forbetring av kulturminne til næringsverksemd.
Bruken av kulturminne til næringsverksemd og offentleg tilgjenge aukar òg etter istandsetjing. Spesielt når det gjeld overnatting, servering, anna næringsverksemd og bruk som museum eller utstilling.

Dette viser at Kulturminnefondets tilskot er viktig for å gjere kulturminne aktive og ein del av økonomiske og sosiale aktivitetar.
Samla sett tyder resultata på at tilskot frå Kulturminnefondet spelar ei viktig rolle i å sikre at kulturminne blir tekne i bruk etter istandsetjing.
Vi treng kulturminne fordi dei hjelper oss å forstå og bevare historia vår. Dei gir innsikt i korleis tidlegare generasjonar levde, kva verdiar dei hadde, og korleis samfunnet har utvikla seg over tid. Kulturminne er viktige for nasjonal og lokal identitet. Dei fungerer som symbol for ein felles kulturarv, noko som styrker fellesskapskjensla og tilhøyrsla i samfunnet.
Ved å bevare kulturminne kan vi lære om teknologiar, kunst, arkitektur og skikkar frå tidlegare tider. Dette bidreg til auka forståing for både historiske og kulturelle utviklingar.
Mange kulturminne trekkjer turistar, noko som kan bidra til økonomisk vekst for lokalsamfunn gjennom reiseliv og kulturarrangement.
Bevaring av gamle bygningar og kulturarv kan vere ein miljøvennleg praksis. Gjenbruk og rehabilitering av eksisterande strukturar reduserer behovet for nybygg og ressursforbruk.
Kulturminne representerer mangfaldet i vår felles historie. Dei gir oss moglegheita til å forstå ulike tradisjonar, religionar og levemåtar, noko som fremjar toleranse og respekt.
