– Miljøterapeutar i skulen gir læraren moglegheit til å undervise
Skulen formar oss, og ein god skulegang har stor betyding for korleis vi får det vidare i livet. Når vi sender borna våre på skulen frå dei er 5-6 år gamle så vil vi at skulen skal vere ein trygg og god stad. Men er det slik for alle born i dag?
Etter 13 år i grunnskule og vidaregåande skule er barnet forhåpentlegvis klar for å møte vaksenlivet på ein best mogleg måte. Det er utruleg mykje som skal meistrast, både fagleg, emosjonelt og sosialt. Samstundes er det fleire utanforliggjande faktorar som er med på å bestemme korleis vår unge generasjon opplever skulekvardagen. Å sikre borna trygge oppvekstvilkår er ei sentral samfunnsoppgåve og ei viktig investering i framtida. Her er skulen ein kjernearena, der borna skal oppleve fellesskap, meistring og bli sett.
Mange av våre unge blir dessverre prega for resten av livet av dårlege opplevingar i skule og barnehage. Det ekstra triste i dette er at mange av dei som fell ut av skulen har streva lenge utan at nokon har fanga det opp.
Tidlege skuleerfaringar har betydning for meistring i ungdomsskulen og for fullføring av vidaregåande opplæring. Dei fleste som fell ut av vidaregåande skule har streva og hatt behov for hjelp gjennom mange år. Det fortel oss at tidleg innsats på alle skuletrinn må styrkast, slik at fleire unge får nødvendig kompetanse for å lukkast i arbeidslivet.
Enkel matematikk tilseier at alt som ikkje må behandlast eller reparerast sparer både enkeltmennesket og samfunnet for store kostnader. Førebygging er det beste vi kan gjere for våre unge. Førebygging er å investere i at flest mogleg får brukt ressursane sine, at ein opplever meistring og deltek i skule-, arbeids- og samfunnsliv på sine eigne premissar.
Vi snakkar ofte om “laget rundt eleven”, men kven er eigentleg dette “laget”? Jo, det er alle dei som samarbeider på skulen, om eleven. Av desse er det sjølvsagt læraren som er den viktigaste, men vi har også ei lovpålagt skulehelseteneste som skal sikre at elevane har tilgang til helsesjukepleiar. Samstundes slit mange av elevane med ulike problem, og vi i FO og SL tenkjer at sosiale problem som til dømes einsemd, utestenging og mobbing best løysast med sosialt arbeid og at innsatsen bør skje i det miljøet der barna er, nemleg skulen.
Lærarar opplever ein pressa arbeidssituasjon. Stadige kutt i skulane fører med seg mindre lærartettleik og fleire oppgåver som skal gjerast på færre hender. Mange lærarar gir uttrykk for at ein ikkje får tilstrekkeleg tid verken til førebuing, undervisning eller etterarbeid då konfliktløysing og psykososiale utfordringar blant elevane krev tid og oppfølging, samt kunnskap og ferdigheiter ein ikkje er opplært til.
Skulen treng tilsette med kompetanse til å identifisere elevane sine utfordringar og til å setje i gang riktige tiltak. Denne kompetansen har barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar. Desse profesjonsutøvarane går under nemninga miljøterapeutar når dei er tilsette i skulen.
Sosialt arbeid, som miljøterapi, skil seg frå det tilbodet lærar og skulehelseteneste kan gi. Miljøterapeuten er ofte ein kjend vaksen som alle elevar kan forhalde seg til i løpet av skuledagen, og det er ofte lågare terskel for å vende seg til vedkommande enn til pedagogisk eller helsemessig personale.
FO og SL meiner difor at miljøterapeutar i skulen bør bli lovpålagde. Det er skulen sine eigne tilsette som miljøterapeutar og andre støttefunksjonar som saman med lærarane kjenner elevane best og kan gi elevane den støtta dei treng, og slik sett gi læraren tid til si hovudoppgåve, undervisning.
Men like sikkert som eit kvart anna haustteikn så er det budsjettprosessar i kommune og fylkeskommune. Det skal kuttast i tenester til innbyggjarane, og skulane blir ikkje skjerma. FO og SL er bekymra for at dei sosialfaglege stillingane blir tekne vekk i budsjettprosessar no som mange kommunar slit økonomisk, i og med at miljøterapeutar i skulen ikkje er ei lovpålagt teneste. Noreg er ein rik stat med nok pengar til å prioritere dette. Men det er opp til politikarane våre å gjere desse prioriteringane. Det er ekstra viktig at politikarane våre ser at førebygging ikkje er ei utgiftspost, men ei viktig investering i barn og unge. Førebygging handlar om å hindre at problem oppstår og å løyse problem før dei veks seg for store. Det er den beste investeringen både for den enkelte og for samfunnet.
Born og unge skal vere trygge i skulemiljøet, slik at dei kan meistre og trivast. Eit godt skulemiljø kjem ikkje av seg sjølv, det må skapast gjennom å investere i nok tilsette med rett kompetanse og som kan følgje opp enkeltelevar og skulemiljøet som heilskap.