FAST SPALTIST: Camilla Skiaker Mælen er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.

– Nabolaget mitt må vere eit av dei beste i kommunen

Publisert

Nabolaget mitt må vera eit av Midt-Telemarks beste. Det inneheld eit knippe menneske eg trivast med å bu i nærleiken av. Me tek ofte ein prat ilag ute på vegen, drikk kaffi, eller går ein tur ned på brygga. 

Når nokon treng ei sykkelpumpe, ei kake til ein merkedag, eit nabohus med godteri på Halloween, litt selskap eller eit godt råd, er det alltid ein som stiller opp. 

Det som gjer nabolaget mitt litt spesielt, er eit merkeleg mønster som har oppstått. Eg kallar det stolleiken, oppkalla etter selskapsleiken eg likte som born.

For mange år sidan vart ein framand katt ein fast gjest rundt huset vårt. Han hadde mjuk, stripete pels og duskar på øyrene, noko som minna om ei gaupe. Me vart smigra av at han likte seg hjå oss, så me ga han mat og han flytta inn. Han fekk namnet Tassen og ei eiga matskål. 

Fast spaltist: Camilla Skiaker Mælen

* Camilla Skiaker Mælen har vakse opp i Hardanger, og flytta frå det eine epleheradet til det andre (Sauherad) før tusenårsskiftet var eit faktum. 

* Ho bur på Akkerhaugen med god oversikt over aktiviteten på Norsjø. 

* Av yrke er ho lærar, og ho starta karriera på Akkerhaugen skule før ho flytta arbeidsplassen sin ut i periferien til Gvarv skole og vidare til Bø skule. 

* Ho likar å strikke, har mann og fire barn og reiser med jamne mellomrom over Haukeli.

Livet hjå oss var bra ei god stund, men så vart han lei av at me var så lite heime i vekene. Ein dag pakka han sakene sine og flytta til naboen. Der fekk han fersk fisk rett frå disken på Meny, og tenarane hans sto opp klokka to på natta for å gje han den fyrste av fleire frukostar. Her levde han eit luksusliv og utvikla seg til å verta høvdingen i nabolaget. Han er no fleire år over konfirmasjonsalder og har sin eigen stige for å koma inn vindauget til heimen sin. Når han ikkje et eller søv, spankulerer han rundt i nabolaget, sjølvsikker og med ein autoritet ein kvar sjef kan ynskja seg.

Omtrent samstundes som Tassen tok ut separasjon frå oss og flytta til naboen, byrja me å passa ein ung herremann som heitte Rufus. Han trong ein plass å vera medan eigaren var på amerikareise. Bikkja er no i sitt fjortande år, og bur mesteparten av tida hjå oss. Her får han godt med frisk luft, grillpølser og kos. Den lange pelsen vert jamleg klypt av ein svært lokalhundefrisør og det vankar også vask og pedikyr. Helgepappaen i fyrste etasje og me praktiserer delt foreldreansvar for vår felles pelskledde son, Rufus. 

Tassen og Rufus treffest til tider ute på vegen og det er vanskeleg å seia om dei er vener eller ikkje. Tassen er ikkje redd for nokon, og Rufus har ikkje vet til å vera redd for Tassen. Kan hende dei har ein prat, om heimen dei begge har budd i, menneska dei må omgåst, om fordelane ved å rullera på heimar, eller om det gode nabolaget dei er ein del av?

Eg lurar på kva framtida vil bringa. Tassen og Rufus er nøgde med liva sine, men det kan hende det er fleire dyr i nabolaget som ynskjer å prøva ut stolleiken? Her i nabolaget er me opne for slikt, slik trenden har blitt.

Powered by Labrador CMS