Meining:

– Når ein politisk tsunami pregar verda, må me løfte fram telemarkshistoria
Ein politisk tsunami pregar verda i dag. Då blir det ekstra viktig å løfte fram den felles historia vår.
Noreg og Europas forhold til USA blir i desse dagar utfordra på ein måte vi i vår tid ikkje tidlegare har sett. Viljen til gjensidige tryggingsforpliktingar blir stilt i tvil. Vårt felles vestlege verdigrunnlag det same. Handelspolitikken blir kvar veke endra. Kva som kjem ut av denne politiske tsunamien veit vi ikkje, men mykje står på spel. Historia bør likevel gi grunnlag for no å fokusere på kva Noreg, Europa og USA har felles. Ikkje det som skil oss.
I år er det 200 år sidan utvandringa frå Noreg til Amerika starta. Det bør, og skal, markerast både her heime og i USA. Denne biten av noregshistoria er viktig og viser korleis sjølv vi som eit lite land er ein del av verdshistoria. Telemark hadde ein av den høgaste prosentvise utvandringa i landet på 1800-talet. Det har påverka utviklinga av fylket. Samtidig er vi ein region som også har opplevd mykje innvandring gjennom 1900-talet.
I Telemark blir det jobba med fleire spennande jubileum-prosjekt. Norsk Skieventyr har fått fylkeskommunal støtte til å markere at det er 200 år sidan far til skisporten, Sondre Norheim, vart fødd. Den kjende telemarkingen utvandra sjølv til Nord-Dakota 25 år seinare. Grenland friteater fekk førre veke 500.000 kroner av fylkesutvalet til å setje opp ei festframsyning i samarbeid med Arild Sanden. Framsyninga kan visast både i Grenland, Midt-Telemark og Øvre Telemark.
Det er få fylkeskommunar som over tid har hatt meir merksemd på den felles norsk-amerikanske historia enn Telemark. Vi har hatt eit samarbeid med Midtvesten i USA sidan 2013. Utgangspunktet for dette er utvandringa. Målet har vore å halde unike relasjonar ved like og nytte moglegheita det gir å ha «eit eige Telemark» i USA. Konkret har samarbeidd handla om utdanning, kultur/kulturarv, turisme og næringsutvikling. Prosjektet «Midwest USA Bridging theAtlantic» vart avslutta i 2015. Sidan har ei rekkje enkeltprosjekt vorte initierte og gjennomførte spesielt innan kultur og utdanning.
200 år-jubileet minner oss om viktigheita av å lære av forfedrane våre. Å flytte frå Noreg var ingen enkel prosess. Det kravde mot, vilje til å ta sjansar og evna til å tilpasse seg nye og ofte vanskelege forhold. Akkurat slik mange av dagens innvandrarar opplever i dag.
Med dagens turbulente geopolitikk treng vi forankring. Historia om den norske utvandringa er nettopp det. Det knytte band mellom Noreg og USA. Det gav enkeltmenneske håp. Det bidrog til auka forståing for kvarandre liv og utfordringar.
Markeringa av 200 år med ut- og innvandring mellom Noreg og USA var i utgangspunktet viktig å markere. Med dagens politiske ustabilitet har han vorte endå viktigare. La oss bruke 2025 til å utvikle det transatlantiske samarbeidet for nye 200 gode år!