REDAKTØR: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Når verda skjelv, er likegyldigheita vår verste fiende

Publisert

Blir du matt av alt som skjer i verda nå? Blir du redd, engsteleg eller oppgitt? Føler du at det blir for mykje med krig både her og der, autoritære leiarar og verdas mektigaste demokrati som ser ut til å gå av hengslane? Orkar du ikkje høyre meir om tollkrig eller planar om å kjøpe Grønland eller lage riviera på Gaza? Blir du apatisk når norsk etterretningsteneste åtvarar mot eit tøffare verdsklima og opplyser at freden aldri har vore skjørare etter andre verdskrigen enn nå?

Stikk du hovudet i sanda? Lukkar du alle kanalar og flyktar inn i det koselege? Kuttar du ut nyheiter til fordel for hyggelege songprogram, kjendisunderhaldning eller blir med Monsen på tur i naturen? Det er ein heilt naturleg reaksjon, og det er lov til å ha det godt med dette. Det som er farleg når det skurrar, er om me blir likegyldige eller feige.

Me må ikkje lukke augo til det som skjer i verda nå. Me må vere vakne og følgje med, sjølv om me sjølvsagt kan trenge å avreagere med det lett fordøyelege innimellom. Me må observere, vere på vakt og sørgje for å halde oss oppdatert gjennom pålitelege kjelder. Og er me glad i det livet me har og styreforma vår, må me protestere når me synest det går for vidt. Fred og fridom er ikkje noko som kjem av seg sjølv, og det å leve i opne demokrati er ein skjør balansegang.

Når verda skjelv, er likegyldigheita vår verste fiende. Ei fri og fredfull verd treng folk som vil stå opp for verdiane som krevst. Som vil kjempe, og som bryr seg om det store bildet. Sjølv om det ikkje er krig hos oss nå, er det ingen tvil om at det er meir uroleg rundt oss.

Sjølv om me kjenner avmakta og blir overvelda, kan me støtte der me kan. Me kan bry oss om rettferd og medmenneska våre, og me har høve til å støtte med både pengar, arbeid og tid. Me kan ytre oss og vere motstemmer når me kjenner at noko er urettferdig. Me kan og bør følgje med på, lytte til og prøve å forstå dei som ikkje er meiningsfellene våre, for så i gi dei motstand så ikkje usunne miljø veks fram i ekkokammer. Me må ikkje bare lukka døra fordi noko er ubekvemt å høyre på.

Me kan bruke stemmeretten og delta i val slik at me ikkje undergrev demokratiet ved å la vere. Me kan òg vere kjeldekritiske og støtte oss til redaktørstyrte medium, og alltid spørje oss sjølv kor me har ting frå, og om det er sant.

Det me aldri må gjere er å la fridomen renne ut av hendene våre fordi me har nok med oss sjølve, ikkje orkar å følgje med - eller bry oss.

Powered by Labrador CMS