![VENSTRE-POLITIKAR: Erik Falkenstein, fylkesleiar i Telemark Venstre.](https://image.boblad.no/235729.webp?imageId=235729&x=0.00&y=21.48&cropw=100.00&croph=57.04&width=960&height=548&format=jpg)
– Naturtapet må på dagsorden
Tysdag denne veka var det planlagt at Stortinget skulle vedta stortingsmelding ST14 (2023-24), også kalla "Flom og skredmeldinga". Det vart store demonstrasjonar både framfor Stortinget og i mange andre stader i landet. Avstemminga vart så utsett to dagar.
Meldinga har som formål å beskrive tiltak for å motverke effektar av klimaendringane i vassdraga våre. Men det vart plutseleg klart at det innbakt i meldinga også låg moglegheiter for vasskraftutbygging i verna vassdrag.
Det er 390 verna vassdrag i Noreg, og om meldinga blir vedteke slik ho er lagt fram vil ho representera ei stor endring i forvaltninga vår av verna vassdrag.
Energiminister Terje Aasland uttrykte at dette skal gi moglegheit for "skånsam utbygging av tidlegare verna vassdrag"! Dette er ikkje mindre enn eit elendig, naturøydeleggjande vedtak som undergrev heile formålet med verna vassdrag, som er at desse elvene framleis skal renna fritt, og at det ikkje skal opnast for kraftutbygging.
Det som også vil skje om meldinga blir vedteken i sin heilskap, betyr at avgjerdsstyresmakt blir flytta frå Stortinget og over til NVE. Det representerer eit demokratisk problem, slik Venstre ser det.
Regjeringa set norsk natur på spel
Naturen vår er under press. Flaum, skred og naturtap truar framtida vår, men regjeringa svarar med å svekkje naturvernet i staden for å styrkje det. I regjeringa si flaum- og skredmelding vert det opna for kraftutbygging i verna vassdrag. Stortinget har tradisjonelt vore ein viktig forsvarar av dette vernet, men no vil Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Frp fjerne kravet om at kraftutbygging over 1 MW må godkjennast av Stortinget. Dette er eit dramatisk brot med tidlegare miljøpolitikk.
For 24 år sidan erklærte Jens Stoltenberg at tida for dei store vasskraftutbyggingane var forbi. I dag legg regjeringa vassdragsvernet i grava. Samstundes har regjeringa lagt fram ei naturmelding som skulle vere Noregs plan for å stogge naturtapet. I staden opnar ho for meir nedbygging av norsk natur.
Då saka vart handsama i Stortinget, fremja Venstre og resten av opposisjonen over 130 forslag for å styrkje naturvernet. Ap og Sp stemde ned alle saman og fann heller det mest naturfiendtlege fleirtalet saman med Frp.
Krev store naturinngrep
Det er neppe stort potensial for utbygging i verna vassdrag, med mindre ein ynskjer å gå laus på den vakraste, mest verdifulle naturen vi har. Regjeringa hevdar at vassdragsvernet framleis skal stå sterkt, men realiteten er at dersom vassdragsutbygging skal få noko særleg effekt, må vi ofre den vakraste og mest verdifulle naturen vi har.
Det er ikkje Venstre som seier dette – det er vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i NVE. Dersom vi skal realisere potensialet i verna vassdrag, understrekar han at vi må rekne med store naturinngrep. Med andre ord: Det regjeringa opnar for, er ikkje små, skånsame prosjekt – det er kraftutbygging som vil gå ut over nokre av Noregs mest verdifulle naturområde. Det finst andre måtar å sikre meir fornybar energi på, utan å øydeleggje det vi ynskjer å ta vare på.
Naturtap også lokalt
Det me ser nasjonalt, speglar seg av også lokalt. Her i Telemark ser me korleis naturen blir pressa av nye utbyggingsplanar. Det er stadig press om ny hytteutbygging i område nær opptil sårbare område på Hardangervidda. Område der Noreg har eit særleg ansvar for å forvalta villreinstammen, er eit døme på korleis viktige naturområde blir ofra for kortsiktige prosjekt.
Me veit at naturen vår er ein uvurderleg ressurs – ikkje berre for biologisk mangfald, men også for folkehelsa, friluftsliv og lokal verdiskaping. Likevel ser me at AP og Terje Aasland prioriterer utbygging framfor bevaring. Det er på tide at me set naturen først også i Telemark.
Fylket vårt er stort, men er samtidig eit av dei områda i Noreg der det er utbygd og bandlagt store område til kraft- og industriutbygging.
Venstre meiner at vi ikkje har råd til å vente. Naturkrisa skjer no. Vi treng politikarar som vågar å ta dei viktige kampane – for natur, for klima og for framtidige generasjonar