– Nokon som burde hatt betre førebuing for krisetider er Midt-Telemark kommune
Du har fått den, du også. Brosjyra frå Direktoratet for Samfunnssikkerheit og Beredskap (DSB) som seier at du også er ein del av Noregs beredskap.
DSB gir råd om kva førebuingar du må gjere for eigenberedskap, og det er på tide at me utvidar perspektivet på kva god førebuing til krisetider inneber.
Bø blad skriv om kjeldekritikk som eigenberedskap. Dette er eit viktig punkt, særleg med alle falske nyhende, falske profiler og ikkje minst kunstig intelligens.
KI kan imponerande mykje, men den lyg òg så det renn av den. Om du påpeikar det til ChatGPT så er den høfleg, beklagar og legg seg flat, men neste svar er kanskje endå meir ellevilt.
Det er andre faktorar som også bør inn i vurderinga av god beredskap. Har du til dømes tenkt på at god fysisk form er ei god førebuing for neste pandemi, eller god eigenberedskap for å handtere ei veke utan straum eller drivstoff på bilen?
Me bør også tenke at ei god psykisk helse er beredskap til å tole dei trongare og meir usikre tidene som kjem. Basert på den manglande realitetsforståinga og endringsvilja i det norske folk, kan det bli behov for kriseteam etter nedlegging av skular fleire stader enn i Innlandet. Som ein professor i statsvitskap frå Universitetet i Tromsø beskreiv det: Me er like lite klar for å ta inn over oss endringane i demografi som me er for å ta inn over oss klimaendringane.
Nokon som burde hatt betre førebuing for krisetider er Midt-Telemark kommune. Eg har stor respekt for vanskelege prioriteringar hjå politikarar, men det er verdt å minne om Benjamin Franklin sitt førebyggingsperspektiv: «An ounce of prevention is worth a pound of cure». Sitatet handla opprinneleg om beredskap mot brannar, men dette vert hyppig nytta i diskusjoner der førebygging (ikkje lovpålagt) kjempar mot reparasjon/behandling (lovpålagt) i alle budsjett. Dei kronene kommunen tenker å spare på aktivitetar som fremmer inkludering, meistring og livskvalitet for born og unge, som til dømes føreslegne kutt i kulturskulen, må dei førebu seg på å ta att med renter i helse-, sosial- og velferdsbudsjett seinare.
Sett i eit kjeldekritisk beredskapsperspektiv er det bra at fjellvettregelen «lytt til erfarne fjellfolk» vart fjerna. Samstundes manglar eigenberedskapsråda noko av det viktigaste me treng i krisetider: realitetsorientering. For dei som held hovudet kaldt når alle andre har missa det, kan like gjerne vera dei som ikkje har skjønt alvoret i situasjonen.