Om kutt av helsesjukepleiar: – Det er betre og billigare å førebygge
"Me føler oss svikta". Setninga las eg på fyrstesida i Bø blad, med bilete av elevrådsleiar Aslak Seljord Amundsen og tillitsvalt for Utdanningsforbundet, Natanael Dranganchuk. Det gjorde inntrykk.
Min fyrste tanke var at eg er heilt einig med Aslak, for dette har eg greie på. Dei unge veit kor skoen trykker!
Eg er utdanna helsesjukepleiar, og har vore rettleiar for sjukepleiarsstudentar i deira praksis i ulike kommunar. Nå er eg pensjonert førstelektor frå OsloMet.
Sjølv har eg alltid vore oppteken av førebygging, for sjølv i akuttmedisin, som også ligg mitt hjarte nær, er det viktig å tenke på førebyggande tiltak og handlingar.
Helsesjukepleiar er ofte den fyrste fagpersonen elevane kontaktar om dei har helse- eller følelsesmessig trøbbel.
Helsesjukepleiar i skulen har i si rolle ein sentral funksjon ved å vera ein tilgjengelig ressurs for både elevar og lærarar, ved å gje kunnskapsbasert helsestøtte og vera ein kunnskapsformidlar. Dette for å sikre at elevar får god oppfølging og støtte ut frå skulen sine overordna målsetningar.
Helsesjukepleiar underviser om ulike tema som pubertet, seksualitet, rusmisbruk, psykisk helse og relasjonsproblematikk. Det gjev blant anna elevane viktig informasjon om informerte val.
Helsesjukepleiar tilbyr ein trygg og konfidensiell arena der elevane kan stille spørsmål og tydeleggjera sine bekymringar. Slikt er viktig for dei unge, at det er et trygt og godt læringsmiljø på skulen.
Helsesjukepleiar er ofte den fyrste personen skuleeleven kontaktar når han/ho/hen har helse- eller følelsesmessige utfordringar.
At denne posten i eit kommunalt budsjett blir redusert, kan ein spørja seg om dei folkevalte skjønar konsekvensane av - når vi veit at ungdommane vår sliter med ulike helseutfordringar som stress, krysspress og psykiske plagar som depresjon og angst som dei mest krevjande plagene.
For ungdomstida er ein stor overgangsfase i livet, både fysisk-, psykisk-, sosialt- og åndeleg. Kroppen endrar seg, hjernen like så. Foreldra blir mindre viktige, mens flokken og vener blir viktigare enn nokon gong. Dei unge er tross alt vår framtida!