MEINING: Una Pasovic, Telemark SV

– Om me styrkjer Bø, blir det lettare å bu på Gvarv

Publisert

Den siste tida har det vore mykje skriveri om kva som er den beste distriktspolitikken, men alternativa kan ikkje vere å la bygdene døy eller å bli skulda for å hate eige land.

For det er bra for Noreg at folk bur i heile landet vårt. Det ville vore ganske utenkjeleg om vi budde i eit land der ingen fiska fisken vår, dyrka potetene våre eller produserte straumen vi bruker. For å få til desse tinga, er vi heilt avhengige av god distrikts- og landbrukspolitikk.

Bønder gir levande bygder. Levande bygder gir auka busetjing. Auka busetjing betyr born i barnehagen og kundar i den lokale matbutikken. Dette gir oss meir, betre og tryggareinfrastruktur, med tenester nær der folk bur. For verdiskapinga skjer ikkje i Landbruksdepartementet i Regjeringskvartalet i Oslo. Den skjer i heile landet – og den skjer her i Telemark.

For å setje i gang tiltak som får folk til å flytte ut til distrikta er òg god bypolitikk. Og ja, ein kan få nokon til å flytte til distriktet ved å tilby å slette studielån, gi folk pengar for å føde born eller setje ned skatten. Sjølv om mange i landet vårt har fått dårlegare råd, bur trongare enn før og slit med å kome inn på arbeidsmarknaden, så er dei likevel ikkje viljuge til å flytte til bygdene. Kvifor er det slik?

Det er fordi folk til sjuande og sist ønskjer å leve gode liv. Unge vaksne ønskjer å bu ein stad der det er mogleg å gå på kino med vener i helga, ta ein kopp kaffi på kafé med kollegaer etter jobb og spele i korps på fritida. Desse tinga er fullt mogleg i distrikta, men då må vi snakke opp dei fine tilboda og livsstilane rundt omkring i landet, og bruke mindre tid på å desperat prøve å lure folk til oss med småsummar.

Det er eit poeng at vi ikkje kan pøse inn pengar i kvar minste vesle bygd, i håp om å redde ho. Vi må jobbe smartare enn som så, for god bypolitikk kan òg vere god bygdepolitikk.

Vi må satse på småbyane og lokalsamfunna som har potensial for vekst. Om vi styrkjer Rjukan, blir det enklare å bu i Atrå. Om vi styrkjer Bø, blir det enklare å bu på Gvarv. Og om vi styrkjer Ulefoss, blir det enklare å bu i Lunde. Telemark er eit fylke som har både bygd og by. Difor må vi klare å ha to tankar i hovudet samstundes når vi ønskjer å styrkje distrikta.

Dei siste åra har debatten om distrikta vore alt for prega av "dei" og "oss", og Senterpartiet har vore ein av dei største pådrivarane for å skape større skilje mellom by og land. Det er ikkje berre lite konstruktivt, men òg dårleg distriktspolitikk. Både bygd og by får det betre om vi fokuserer på dei gode synergiane, heller enn å setje dei opp mot kvarandre – for på lang sikt vil diverre distriktet tape på det.

Powered by Labrador CMS