MIDT-TELEMARK: Folkestad skule i Eikavegen.

Om skulepolitikk og ansvarlege val

Som politikarar har me ansvar for alle innbyggjarar, alle born, alle skular og alle lærarar. Det vil seie at i saka om skulestruktur er det sentrale spørsmålet: Korleis kan flest mogleg få det best mogleg?

Korleis får me pengane på eit slunkent kommunebudsjett til å bli gjort om til mest mogleg tidleg innsats, best mogleg oppfølging av kvar enkelt elev i heile kommunen og best mogleg fagmiljø for alle lærarar?

Er det sannsynleg at det er billigare på sikt å drifte ein skule i staden for to? Ja.

Kan me på sikt tillate oss å bruke meir ressursar enn det me har? Nei.

Finst det kvalitative fordelar med å slå saman Bø og Folkestad skule? Ja.

Finst det kvalitative ulemper med å slå saman? Sjølvsagt, men ikkje så omfattande at det trumfar dei tre førre spørsmåla.

Me meiner det er eit tungt, men ansvarleg val å slå saman dei to skulane. Me skulle ønske at me slapp det, men me som politikarar har plikt til å ta vegval som gjer at dei ressursane me har i kommunen blir bruka til gode for flest mogleg.

Alle parti har gitt løfte som må vegast opp mot løftet om ei ansvarlig økonomistyring, som me også har lova

Me har alle lova meir enn me kan halde. Det er ikkje så rart, for mens viljen vår kan vere stabil så endrar premissane seg for kva me kan gjere, heile tida. Me må halde oss i notida med blikk for framtida og ikkje vere hengt opp i fortida. Det er i dei vanskelegaste sakene, dei som smertar mest, at ansvarsviljen kjem best fram.

Denne gongen må me prioritere kommuneøkonomi som sikrar best moglege kommunale tenester til alle. Styringspartia i kommunen har eit særleg ansvar for det, men me bidreg gjerne.

Powered by Labrador CMS