Sidesprang:

– Pensjonist, og kva så?
Eg kom inn i skulelivet i 1960 som sjuåring, og gjekk ut av det i 2018 som pensjonist.
Pensjonistlivet stod for døra med skrekkblanda fryd. Eg såg fram til fridomen som venta, men det var òg litt vemod. Folk ein har treft jamnleg er ikkje lenger ein del av kvardagen. Pauseprat og lunsj blir borte, og kva med fredagskjensla og skattefrie feriepengar som forsvinn? Ein spør seg korleis dagane no skal fyllast, og det er ikkje snakk om dagar, men om år for dei fleste.
Forventningane kan vere mange, men den nye kvardagen må ein skape sjølv.
Endeleg kan ein gjere det ein ikkje har hatt tid og overskot til tidlegare. Det å kunne bestemme over si eiga tid er både eit privilegium og ei utfordring. Noko av det eg kjente på var kosen med ha lang frukost og ha tid til avisene. Gjere ting i mitt eige tempo, reise når det passar meg, gå tur på Langkåshaugen og trene når eg sjølv vil.
Eg tenkte litt som at no for fyrste gong sidan folkeskulen kom fridomen tilbake. Ikkje at eg ønska å bli som barn igjen, eller at arbeidslivet hadde vore fælt, men det var forlokkande å kjenne på at ingen hadde krav på meg frå klokka åtte om morgon. Lite ambisiøst og egoistisk vil nokre seie. Og pliktkjensla, kvar har den tatt vegen vil andre spørje.
”No må du gjere noko anna nyttig” kan den indre stemma mane deg til. Eg trur det kan vere greitt å ikkje lytte til den stemma med ein gong. Det betyr ikkje at ein ikkje skal utfordre seg sjølv. Me som trekker på åra hugsar ikkje lenger namn som før, og tida går fortare for kvart år. Dette er utfordringar me må ta tak i, elles flyt bare dagar og veker avstad.
Forfallet må stansast eller i beste fall bremsast. Musklane forsvinn, dei må haldast vedlike og mange pensjonistar ”jobbar” med det, både på treningsstudio og på turvegar rundt forbi. Mi erfaring er at det finst oppgåver nok ein kan kaste seg over.
Frivilligheita treng alltid nye krefter. Ein oppdagar nye arenaer og nye felleskap. Mange eldre står på i lokalsamfunnet til langt inn i 80-åra. Og det gode med frivilligheita er at det er frivillig, ein kan gå ut av den når det ikkje lenger passar. Kanskje vil ein bruke meir tid på barnebarn og hobbyar. Aktivitetar og oppgåver manglar det ikkje på, det beste er at no bestemmer vi sjølv kva vi vil.