Meining:

SJUKEHEIM: Bø sjukeheim i Folkestadvegen.

– Rett kritikken dit ansvaret ligg - om Bø sjukeheim og kom­men­tarar på sosiale medium

Publisert Sist oppdatert

Kjære innbyggjarar!

Når det skjer endringar i kommunen sine tenester, forstår vi at det vekkjer engasjement og sterke meiningar. Det er bra at folk bryr seg, vi treng den røysta. Kritikk bør vere sakleg og basert på fakta. Samstundes er det òg viktig å hugse på kvar ansvaret for desse avgjerdene faktisk ligg.

Dei avgjerdene som vert tekne om endringar i tenestene våre, kjem frå kommunestyret eller kommunedirektøren, basert på dei økonomiske rammene som er vedtekne. Våre tilsette og leiarar ute i organisasjonen gjer berre jobben sin. Dei følgjer opp oppdraga dei har fått, og dei fortener respekt og støtte for det arbeidet dei legg ned.

Difor vil vi vere tydelege: Viss det er usemje eller kritikk knytt til dei avgjerdene som vert tekne, skal den kritikken rettast mot oss: kommunestyret og kommunedirektøren, og ikkje mot dei som lojalt utfører dei vedtaka som er gjorde.

Når vi no har stengt ned ei av avdelingane ved Bø sjukeheim, er det ei avgjerd som byggjer på fleire faktorar. Vi har fått ei meir moderne og fleksibel heimeteneste som gjer at fleire eldre kan bu trygt og godt heime lenger, noko vi veit mange ønskjer. Samstundes har vi sett ein nedgang i søknader om institusjonsplassar. Dette gjer det mogleg å stenge ei avdeling og likevel gje gode og forsvarlege tenester til dei som treng det.

Vi forstår at slike endringar kan vere krevjande, men dei er naudsynte for at vi skal kunne levere best mogleg omsorg innanfor dei økonomiske rammene vi har. Vi må òg tilpasse oss framtida, som vil gje oss nye utfordringar. For å klare dette, treng vi leiarar og tilsette som tør å tenkje nytt, jobbe smartare og finne gode løysingar for både omsorga og kommuneøkonomien.

Som øvste leiing i kommunen står vi heilt og fullt bak våre lokale leiarar når dei gjennomfører desse naudsynte endringane. Vi håpar på forståing for dette, og vi ber om at eventuelle reaksjonar og innspel vert retta mot oss som tek avgjerdene, ikkje mot dei som utfører dei.

Tusen takk for engasjementet og omsorga de viser for lokalsamfunnet vårt. Saman skal vi halde fram med å byggje gode og trygge tenester for alle innbyggjarane i Midt-Telemark.

 Venleg helsing ordførar Siri og kommunedirektør Per

Powered by Labrador CMS