MIDT-TELEMARK: Folkestad skule.
Marta Kjøllesdal
– Skal ein leggje ned ein skule, bør ein også ha ei kvalitativ vurdering
Kommunen skal spare pengar, og da må ein lette på kvar ein stein. Slik er det med økonomi; ein kan ikkje bare ture på viss tala er raude. Ein må prøve å rette opp og finne område der ein kan hente inn det ein manglar – viss det i det heile tatt er realistisk. Har ein ikkje nok pengar til å leve det livet ein vil, må det kutt til. Det gjeld alle avdelingar, uansett kor vondt det er.