– Skal me rasere sterke fagmiljø med jamne mellomrom, og så byggje dei opp ein annan stad?
FO i Vestfold og Telemark peikar på negative konsekvensar av velferdstenester på anbod.
Med jamne mellomrom blir store delar av velferdstenestene våre lagt ut på anbod. Dette får konsekvensar for både tenestemottakarar og tilsette.
Denne hausten var turen komen til rusbehandling. Det er i stor grad helseføretaka som har fått ansvaret for rusbehandlinga. Dei driv i liten grad tenestene sjølve, men kjøper dei av private tilbydarar. Det tyder at tenestene med jamne mellomrom må ut på anbod med alle konsekvensar det medfører.
I Telemark har vi fleire anerkjende kompetansebedrifter på dette feltet, som til dømes Samtun, Tyrilistiftelsen og Borgestadklinikken. Alle tre er velkjende og anerkjende ideelle kompetansebedrifter med gode fagmiljø som er utvikla gjennom mange års erfaring.
Dei har ulike måtar å jobbe på, slik at ulike menneske kan finne eit behandlingstilbod som passar for dei. Anbodsprosessar kan føre til at vi mistar mangfaldet i tilboda. Når vi veit at mange som får rusbehandling treng behandling over lang tid, er det uheldig når plassar blir lagde ned medan ein er inne i eit behandlingsløp.
For Telemarks del får dei to førstnemnde ikkje fornya avtale med Helse Sør-Aust. Resultatet er at behandlingsplassar blir flytta til andre aktørar og tilsette mister jobben. Sjølv for dei tilsette i bedriftene som får drive vidare er dette stressande. Medan ein ventar på svar frå anbodsrundane, veit ein faktisk ikkje om ein har jobb vidare.
Kvar gong eit anbod blir vunne er sjansen stor for at dei tilsette får dårlegare lønns- og arbeidsvilkår og dårlegare pensjonsvilkår, fordi det stort sett er desse kostnadane det er mogleg å konkurrere på. Eventuelt lågare bemanning, slik at det går på bekostning av kvaliteten i tenestene.
Anbod uroar brukarane, arbeidsmiljøet og ikkje minst splittar etablerte fagmiljø. Dei nemnde tre bedriftene har kompetanse og fagmiljø opparbeidd gjennom mange års erfaring og det tek tid å byggje opp tilsvarande kompetanse ein annan stad.
Var det slik lov om offentlege anskaffelsar var meint å fungere, at vi rasarar sterke fagmiljø med jamne mellomrom for så å måtte byggje dei opp på nytt ein annan stad?
Vi merkar oss at det òg er kommersielle aktørar som har vunne anbod i Telemark. Forskjellen på ideelle og kommersielle aktørar er at dei kommersielle tek utbytte, medan dei ideelle ikkje gjer det. Det tyder altså at kvar krone hos ideelle aktørar går til velferd, medan dei kommersielle tek varierande utbytte, nokre svært store.
FO Vestfold og Telemark, fagforeininga for sosialarbeidarar, er uroa for at viktige kompetansemiljø går tapt og at det vil ta lang tid å byggje dette opp att.
Vi er uroa for dei tilsette som mistar jobbane dei er så glade i og for alle brukarane som må byte tilbod i ei allereie påbegynt behandling.
Vi er uroa for at mangfaldet i behandlingstilbodet forsvinn. Vi er overtydde om at kompetente medarbeidarar får nye jobbar, men det kan vere dei vel dei seg jobbar i andre fagfelt og at viktig kompetanse på rusfeltet i vårt distrikt går tapt.