MIDT-TELEMARK: Folkestad skule på Oterholt.

– Skuleforslaget framstår som manipulering og triksing med tal

Innlegget er Oterholt grendelag sitt syn på innstillinga til skulestruktur i Midt-Telemark.

Etter å ha fått litt meir tid til å analysere innhaldet og kvaliteten i beslutningsunderlaget til skulestruktur har vi ei ganske klar oppfatning av arbeidet som er gjort.

Heile innstillinga framstår som svært tendensiøs jo meir vi sjekkar tala og finn feil, som alle går i ei retning. 

Dei maksimerer gevinsten ved å leggje ned. Dette er noko vi har påpeika gjennom heile prosessen. No får vi det ytterlegare stadfesta. Om dette er bevisst eller mangel på kompetanse og grundigheit i prosessarbeidet skal vi ikkje seie noko om, men begge delar er sterkt kritikkverdig. 

Graden av alvor og konsekvensar får dei som er ansvarlege vurdere.

I tillegg til at det manglar vesentlege opplysningar i dokumentet, ser vi no ein svært alvorleg feil i taldatagrunnlaget.

I premissdokumentet blir det sagt at ein tar utgangspunkt i kostnader for 2022/2023, men det leggast også inn ein liten kommentar over tabellen, som seier at kostnadene er rekna ut frå kva ein meiner Folkestad skule vil trenge framover.

Det same gjeld for Bø skule. Her bruker ein ikkje verkelege tal på årsverk og beløp frå rekneskapen, slik alle har trudd og gått ut frå, men set inn eit tenkt teoretisk behov. Då får ein lett dei svara ein vil. Ein svært spesiell metode for å opplyse saka.

Grunngjevinga med ein annan og dyrare framtidig form for undervisningsmetodikk, basestasjonundervisning, er nok eit døme på vikarierande argument for å få fram ein høgare kostnad ved dagens drift. Ved å seie at ein skal bruke ei bestemt pedagogisk løysing, ser ein òg bort frå valfridomen som ligg til rektor og pedagogisk tilsette.

Ein kan då heller ikkje automatisk omtale skuletilbod og skular med lik struktur, lik pedagogisk metodikk og/eller på same kostnadsnivå som likeverdige skuletilbod.

Vi i Oterholt grendelag er så heldige at vi har folk å rådføre oss med som har lang erfaring og kompetanse på skule og skuleleiing. 

Stasjonsundervisning har blitt brukt som undervisningsmetode/organisering ved Bø skule i mange år. Det bør vere ein naturleg del av det pedagogiske mangfaldet ved ein skule. Vi har òg søkt etter skular som har praktisert dette fullt ut over tid. Vi fekk tips om ein slik skule i Sandefjord, Mosserød skule. Ein av lærarane der kunne fortelje at dei var i ferd med å avvikle denne metodikken for å gå tilbake til vanleg klasseromsundervisning.

Slik vi forstår det, framstiller administrasjonen denne undervisningsmetodikken nesten som framtidas skuleløysing og som ein avgjerande faktor for ein god skule. Etter vår informasjon er dette ei påstand med stor usikkerheit. 

Det blir òg sagt frå fagpersonar at nyare forsking viser at ein ikkje oppnår dei resultata som var forventa med ein slik metodikk. Dette har vi sjølvsagt ikkje dokumentasjon på med den korte tida vi har hatt til rådigheit, men det bør absolutt undersøkast nærare.

Endring i skulestrukturen i Bø blei i vår i utgangspunktet grunngjeve med at ein skulle spare pengar, ikkje leggje opp til ei ny og dyrare undervisningsform!

Etter vårt syn er dette åleine eit forsøk på å skape eit feilaktig bilete av no-situasjonen, og at ein ønskjer å få fram eit høgt kostnadsnivå på dagens drift.

Kva ein skal kalle ein slik øving får vere opp til dei ansvarlege å vurdere, men folkeleg sagt så framstår dette som manipulering og triksing med tal.

Skulestruktur

                                                         Lønnskost Folkestad skule          Lønnskost Bø skule    Berekna lønnskost felles skule    Antatt innsparing

Lønnsutgifter 2022/2023-nivå           13 981 000                                     51 484 000                   64 211 100                                      1 253 900

Bortfall av statleg tilskot                                                                                                                                                                                    541 317

Årlig kost nybygg Bø skule                                                                                                                                                                              2 080 000

Er det andre uforutsette kostnader som vil komme?

Transport elever anslag?                                                                                                                                                                                     300 000

Netto besparelse                                                                                                                                                                                                 -1 667 417

På grunn av at tala i innstillinga ikkje er klare og tydelege, men er hefta med fiktive tal, så vil det vere knytt usikkerheit til og vere moglegheiter for feil og misforståingar også i vår analyse. Men det er ein faktor som bør vere heilt klar, og det er rekneskapstala som viser kva lønskostnadane har vore i 2022/2023. Dei står i tabellen over.

Det enkle logiske svaret er at om ein skal spare sju millionar, så må lønskostnadane ned. Det tyder på reduksjon i talet på tilsette i skulen. Særleg om ein byggjer ny skule og aukar dei faste kostnadane til nybygg med 2 080 000.

I dette prosjektet er det brukt mykje pengar og store interne ressursar fordi ein tydelegvis ikkje har hatt klare føringar, og lommeboka har vore vidopen! 

Ifølgje innstillinga så har ein så langt brukt 2046 timar til ein kostnad av 980 000 kroner, der kostnader for vikarar ikkje er med. I tillegg kjem arkitekt og diverse på 299 806 kroner.

Alle får gjere seg sine eigne tankar, men sett med våre auge så har denne prosessen vore utan nødvendig kompetanse, føringar og styring, men med ei klar agenda om kva ein ville oppnå. Folkestad skal leggjast ned for ein kvar pris!

Med den kunnskapen vi no har om alle feil, uklarheiter, manglande informasjon og tendensiøs bruk av tal, så meiner vi at heile innstillinga er ueigna som beslutningsgrunnlag. Saka er ikkje tilstrekkeleg og korrekt opplyst og bør få ein brå slutt i formannskapet sitt møte på måndag!

Powered by Labrador CMS