MIDT-TELEMARK: Folkestad skule

– Skulestrukturen i kommunen blir bare betre med ei leiing som prioriterer alle skulane likt

Nå nærmar det seg vedtak i kommunestyret om skulestruktur i Midt-Telemark kommune. Det nærmar seg ei avgjersle på kva som vil skje med Folkestad skule. 

Kva skal avgjersla takast på grunnlag av? Premissdokumentet som er lagt fram, som fortsatt meiner Folkestad bør vike? 

Er det ei avgjersle som skal bli tatt i ei sak som ikkje er ferdig utgreidd og rekna på? Ei avgjersle der barnas beste blir lagt til grunn, eller ikkje? Ei avgjersle der det er usikkert om det er ei stor innsparing dersom Folkestad skule blir slått saman med Bø skule? 

Er det ei avgjersle som skal bli tatt av dei folkevalde på grunnlag av medieoppslag som er styrt i administrasjonen si retning - som er nedlegging av Folkestad? Ei avgjersle som skal bli tatt for at me i Midt-Telemark ynskjer ein felles, lik og heilskapleg skule, uavhengig av om barna gjeng på Gvarv, i Bø eller fortsatt på Folkestad skule.

Avgjersla bør vel også takast på bakgrunn av den gode plassen Folkestad skule er? Der 1.-4. klasse har uteskule i skulen sitt nærområde. Med ein skulehage der elevane lærer det teoretiske gjennom det praktiske, slik den nye stortingsmeldinga fremjer. 

Her er ei personalgruppe med eit fantastisk arbeidsmiljø, den same personalgruppa som innehar svært god kompetanse. Det er ei personalgruppe som kjenner alle elevane. Tilsette som kan vikariere for kvarandre fordi ein kjenner kvarandre sine reglar, rutinar og elevane sine behov. Skal ein legge ned noko som fungerer?

Folkestad skule har ei særskilt god foreldregruppe, som ikkje veit kva godt dei kan gjere for skulen. Dei søker midlar til utemiljø og skulehage. Dei blir med på fjellturar og køyrer til utflukter skulen deltek på. Dei gjeng «mann av huse» når skulen inviterer til kafé og FN-dag.

Det er viktig at avgjersla du tek, som folkevald, forelder, tante og bestefar, baserer seg på det som er fakta. Les òg det som blir skrive med små bokstavar i rapporten. Du må sjå kva som blir lagt til grunn for ei eventuell nedlegging av Folkestad skule. Det snakkast og skrivast om økonomi, tal, innsparingar og millionar. Men kva er fakta?

Kommunen bør sjå på skulestruktur. Kommunen bør få ein meir lik skule i Bø, på Gvarv og på Folkestad, men skulestrukturen blir ikkje betre og meir lik av å bygge ein stor skule i Bø.

Strukturen blir betre med ein klar og tydeleg administrasjon og leiing. Ei leiing i oppvekstsektoren som gjev like og trygge rammer og føresetnader for alle elevar i Midt-Telemark kommune. Ei leiing i oppvekstsektoren som gjev deg det same svaret om du ringer frå Gvarv, Bø eller Folkestad. Ei leiing i oppvekstsektoren som prioriterer skulane og elevane likt. Ei leiing i oppvekstsektoren som prioriterer sine tilsette likt.

Ja til ein betre og styrka skulestruktur i Midt-Telemark, men nei til nedlegging av Folkestad og storskule i Bø sentrum!

Powered by Labrador CMS