FAST SPALTIST: Solfrid Bratland-Sanda er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.

– Skulle ikkje du slutte å røyke?

Det var tidleg januar og personen som proklamera på nyåreftan at røykeslutt var årets nyårsforsett, sat no og dampa ute. 

– Å ja, det er sant. Det hadde eg gløymt! Ja,ja, eg får prøve att neste år.

Fast spaltist: Solfrid Bratland-Sanda

Solfrid Bratland-Sanda er professor i idrett på USN, politifrue og MTT (mor til tre). 

Telemarking med hjarte for fysisk aktivitet, forsking, formidling og folkedrakter. 

Kjem frå Bratland-slekta i Vinje, der songstemma er skeivt fordela og dei som ikkje kan synge saumar bunad.

Noko av det vanskelegaste me gjer er å endre vaner. Ein forskar på endringspsykologi oppsummera all forsking på tematikken med fylgjande setning: alle vil oppretthalde no-status sjølv om no-status ikkje er føremålstenleg. 

Det kan verke ganske merkeleg, men er veldig logisk om me tenker etter. No-statusen din er trygg, skal du endre så kostar det mykje mental kapasitet, fokus, og du beveger deg inn i det ukjende. Tenk så slitsamt det vert, tenk om du ikkje får det til, tenk om det vert eit nederlag, tenk om all innsatsen er til inga nytte.

Mange tenkjer at når folk ikkje stumpar røyken, et sunnare eller byrjar å trene, handlar det om at dei ikkje har nok kunnskap: «Berre me fortel dei kor farleg det er så endrar dei seg nok.» Dette er noko me som jobbar med åtferdsendring veit at ikkje stemmer. Det er mykje meir komplisera, og det må me ta høgde for i alle tilbod om livsstilrettleiing, kosthaldshjelp og treningsrettleiing.

Den vanlegaste barriera for trening er tid. Det er i alle fall det me seier. For mange er det eigentleg ikkje tida som er problemet, det er noko som ligg mykje djupare i oss. 

Til dømes er det mange som kjenner på skam over å vera i dårleg form, at kroppen er i vegen for rørslene, og ofte har ein då veldig dårlege erfaringar frå gymtimane eller idretten som liten. Dette gjer oss redd for å kjenne på manglande meistring, og få bekrefta ein gong for alle at me ikkje høyrer til i det treningsfellesskapet. Ein klok mann sa ein gong at den sosiale utanforskapen er verre enn døden, og nyår kan gjera utanforskapen meir synleg.

No er me ei veke inn i 2025, treningssentera er stappfulle, og handlekorgene er grønare enn dei var før jul. Det minner meg om ho som var innom matbutikken ein januardag på 1990-talet og sukka til frukt- og grøntansvarleg: 

– Huff det skal bli godt når dette Grete Roede-opplegget er ferdig og eg kan byrje å eta skikkeleg att!

Uansett nyårsforsett eller ikkje: Alt godt for 2025!

Powered by Labrador CMS