MEINING: Evy Beate Tveter, Venstre.

– Slik me ser det, har kommunedirektøren gitt oss eit halvferdig budsjett

Me har over tid opplevd eit sprik i verkelegheitssynet blant politikarane i kommunen når det gjeld alvoret i den økonomiske situasjonen til kommunen. 

For all del: Alle er einige i at det ikkje står særleg bra til. Men kva gjer ein med problemet? Slik me ser det, har ein to alternativ: Anten må ein seie ja til innsparingstiltak som administrasjonen legg fram, eller så må ein finne andre innsparingstiltak som ein ber om utgreiing på. 

Administrasjonen har foreslått ei lang rekke tiltak dei siste åra, som til dømes auka eigedomsskatt; kutt til frivilligsentralane; kutt til kulturskulen; samanslåing av skular, kutt i ditt og kutt i datt. 

Det har variert kor stort fleirtalet mot kutt har vore i dei ulike avstemmingane, og Venstre har også vore med på å stemme mot nokre av desse forslaga (men stort sett har me høyrt til mindretalet). Men om ein stemmer ned innsparingstiltak når kommunen kvart år brukar meir pengar enn den har, så er poenget at ein må ha eit alternativ!

I forrige veke fekk me lagt fram ei budsjett av kommunedirektøren, som var fullt av mange krevjande innsparingstiltak, men som likevel manglar 55 millionar på å gå i null. Slik me ser det, er ikkje dette godt nok frå kommunedirektøren si side. Han har ansvar for å legge fram eit budsjett som peikar på kva som skal til for å gå i null. Akkurat nå har han gitt oss eit halvferdig budsjett, pluss ei liste med tiltak som ikkje er konkretisert eller talfesta.

MEINING: Frid Berge, Venstre.

Alvoret i eit slikt budsjett er ikkje til å komme forbi: Sjølv etter auka eigedomsskatt og ei rekke kutt på ulike tenester, manglar me framleis 55 millionar. I tillegg drar me med oss eit overforbruk på cirka 60 millionar frå i år, altså til saman 115 millionar. Og så er det jammen eit overforbruk i 2023 også, som me ikkje har gjort opp for ennå. 

Når ein kvart år brukar for mykje pengar, drar ein med seg overforbruket, akkurat slik det er i privatøkonomien. Det er altså akutt viktig å bruke mindre pengar i kommunen slik at me stoppar den snoballen som har vakse seg større dei siste åra. “Ei varsla katastrofe” kalla statsforvaltaren det. 

Kvar gong kommunestyret har sagt nei til innsparing, har overforbruket blitt større og jobben vanskelegare, men me er usikre på om alle deler dette synet på situasjonen. Dette får derfor bli vår skildring av situasjonen, slik me ser det: Det finst ikkje noko alternativ til å lage eit budsjett som går i null, og akkurat nå manglar me 55 millionar , pluss at me også må begynne å betale ned på tidlegare års overforbruk. På grunn av at ein tidlegare har sagt nei til kutt på område ein ville skjerme, blir kutta på desse områda sannsynlegvis større nå enn då dei først blei foreslått, fordi snoballen rullar.

Med utgangspunkt i vår forståing av situasjonen har me vore dei kjipe som har stemt for dei aller fleste av dei vanskelege innsparingsforslaga som har ligge på bordet. Ingen ting hadde vore betre enn om me tok feil i dette, men om ikkje nokon klarar å overbevise oss om at verda ser annleis ut, kjem me til å halde fram med å stemme på alle dei kutta som ingen vil ha (heller ikkje me) - målet er å unngå forverring. 

Me håpar sjølvsagt at fleire ser dette alvoret og blir med på å måke seg gjennom denne djupe gjørma me står i. Moro blir det uansett ikkje.

Powered by Labrador CMS