Sidesprang:

– Verdas viktigaste jobb kan bli din
«Så bra du les! *hundefjesemoji* *racerbilemoji* *stjernefjesemoji*».
«Gleder meg til å høyre deg lese i morgon også! *rakettemoji*, *bursdagsfløytefjesemoji*, *smilefjesemoji*.»
Meldingsdialogen er mellom kontaktlæraren vår og min eigen son, etter ho har høyrt han lese inn leksa.
Eg har to andreklassingar på Bø barneskule. Ungen min har stjerner i auga når han les meldinga frå henne.
Nå kjem du sikkert til å tenkje at eg er fødd før andre verdskrigen, men læraren min i førsteklasse gjekk med foldeskjørt til under knea, hadde kort, grå permanent, og etter at det hadde ringt inn sto med ved sida av pulten og song salmar.
Frøken, som me kalla ho, hadde vore førsteklasselæraren til mamma og bestemor også. Eg likte læraren min godt, og sakna ikkje dei digitale heiaropa eg ikkje visste at kom til å kome, men likevel, skulen har hatt ei reise.
Nå er det turdag kvar torsdag, det er arbeid på stasjonar, vennegrupper og mattetimar ute (dei pinnane tel seg ikkje sjølv!). Altså tilpassa barn, det viser seg at dei aller færraste av dei synest det verken er lett eller moro å sitje ved pulten i seks timar i strekk.
Likevel kan me lese om lærarflukt. Lærarar blir påført fleire arbeidsoppgåver, høgare krav, meir rapportering og dei forventast å vere mobile og tilgjengelege for foreldre til ei kvar tid.
Eg har ikkje empiri på dette frå Midt-Telemark, og det er jo lov å håpe at det ikkje er sånn her.
Ifølgje ein Aftenposten-artikkel frå 2019 har nemleg fleire av oss begynt å sjå på læraryrket som eit «serviceyrke». Det blir referert til meldingar frå foreldre som: «Kan du gre håret til Emilie, me fekk ikkje tid i dag tidleg» og «Kan barnet mitt få ta foredraget på nytt? Han kunne det betre heime enn denne karakteren viser.»
Viss me held på sånn, vil me iallfall ikkje få fleire lærarar.
Læraryrket er sikkert krevjande og masete til tider, men det er også mulegheita til å verkeleg sjå nokon, og påverke eit heilt liv til det betre. Finst vel knapt noko viktigare enn det.
Ei historie frå røynda går for eksempel sånn her: To eg kjenner ved oppstart i førsteklasse i fjor torde verken å rekke opp handa eller snakke i plenum. I mai året etter dansa dei linedance i klasserommet med resten av 1B, og med alle lærarane som publikum.