– Inger Marie var ein viktig formidlar
Til minne om Inger Marie Olsen (1977-2023)
Inger Marie var mellom dei viktigaste formidlarane av bygdedans, hardingfele og folkemusikktradisjonen i Bø frå starten av 1990-talet, i om lag 20 år; til kreftsjukdomen og følgjene av denne drog ned sceneteppet midt på 2000-talet. Inger Marie døydde i oktober 2023, for eitt år sidan.
Til fredagen minnest Bøkappleiken henne som del av eit folkemusikkprogram på Sandvin.
Inger Marie, saman med skulevenninna Ingebjørg Bø, gjenreiste statusen til jentespringaren i beltestakk på store scener i hovudstaden, 100 år etter at motivet hadde blitt dokumentert av kunstmålaren Halfdan Egedius. Slik aktualiserte jentene gamle måleri frå Bø som me kunne sjå i Nationalgalleriet. Da skapte dei fyrstesideoppslag og kjønn og tradisjon, og ny landsomfattande debatt om jentedansen Egedius i sine måleri insisterer på å ha opplevd, og latt seg inspirere av i Bø.
Inger Marie kunne «ta salen» med utstråling frå scenen. Bø juniorspelemannslag gjorde suksess på nasjonalt plan med spel, dans og kveding. Også omtalt som «Norges finaste spelemannslag», med Inger Marie som leiar av lagspelet. Ho hadde varm utstråling og sjarm, perfekt rytme og danseflyt. Ho hadde god formsans i trinn og tone, og perfeksjonisme i alt frå sceneframferd til bundadspåklednig (og rettleia gjerne dei andre om dette). Alt frå hårsveis og -spenner til rytmisk snert låg perfekt; ikkje flatt, men med snert. Etter spelemannen Anund Roheim, og deretter mor Olaug Slåtta, var ho den hittil siste frå siste frå Roheimheia som plasserte Bø på nasjonalt toppnivå i framføringar av folkmusikk og -dans. Ho vidareførte morsarven etter tidlegare noregsmeister Olaug i dans med «bøheringane sin tango»: Gangar og springar flaut "som på bomull» over scenegolvet. Det var dansaren som spela, spelemannen var instrumentet.
Med faren, Erhard Olsen, delte ho fotballinteressa. Inger Marie og venninnene var populære, spreke og staselege jenter med meiningars mot i skulegarden på Bø skule. At Inger Marie og Ingebjørg også var utøvarar på hardingfele, i folkedans og kveding, blei viktig for sjangerens byks ut av den dengong sovande hardingfelebygda Bø. Også for dei som var litt yngre enn pionerjentene; Yngre gutungar med fele som prøva å overleva friminutta som innrømde felespelarar.
Tøffingar som ville gjera inntrykk på Inger Marie måtte akseptere folkemusikken. På same tid som team Nordstoga gjorde kveding stogereint blant unge i Vinje, gjorde Inger Marie og Bø juniorspelemannslag det same for folkemusikken på Bø skule. Fordi ho kunne det til gangs.
Inger Marie starta å spela fele med Heidi Løvlund som lærar, i ein Bø musikkskule som var blant pionerane i organsiert hardingfeleopplæring og forgjengar for dagens lovpålagte kulturskule. På initiativ frå Heidi kom Bø juniorspelemannslag i gang, med ei svært aktiv foreldregruppe. Etter kvart overtok Kjell Bitustøyl som hardingfelelærar, og da dei fire jentene Anja Ragvin, Marianne Falkevik, Ingebjørg og Inger Marie opptredde saman med læraren, gav Per Garnås dei namnet «Kjells Angels». Det var slik dei såg ut.
Det som skilde Inger Marie frå mange andre, var ein ein genuin og djup kunnskap om slåttespel og kveding.
Inger Marie var aktiv i kappleiksnemnda frå år 2000 da Bøkappleiken blei gjenreist som årleg tradisjon. I komande fredags konsert på Sandvin minnest vener Inger Marie og tre andre sentrale folkemusikarar frå Bø som har gått bort siste året: Sveinung Dalen, Gunnar Innleggen og Arnfinn Staurheim. Me saknar dei, gler kånn over gode minne, og er takksame for alt dei lærde oss.