Minneord: Svein var aktiv og godhjarta, og bidrog sterkt til fellesskapet i bygda
Til minne om Svein Aastvedt (1947-2025)
Eit aktivt og godhjarta menneske med mykje humor, ein pensjonist med sterke bidrag til fellesskapet i bygda – det er slik me vil hugse Svein Aastvedt.
Han var bergensaren som gjorde bøhering av seg etter endt yrkeskarriere. Han flytte til Bø saman med kona Margrete i 2009 for å koma nærare barn og barnebarn, og etter kvart òg oldebarn.
Då dottera Ailin i ung alder var på tur med farfar og dei kom til ei øydelagt grind, sa ho alvorleg: «Ta det bare rolig, pappa ordner alt».
Det var små kår i oppveksten. Svein voks opp i ei blokkleilegheit i Bergen med sju sysken, ein open heim med omsorg og mykje sosialt liv. Ferdig med grunnskulen drog Svein som 17-åring – som så mange andre unge – til sjøs og fekk oppleva fjerne kystar og fjerne land. Heimkomen tok han Bergen maskinistskule og dreiv etter kvart med ulike jobbar innafor mekanikk o.l.
Svein og kona Margrete, som òg var frå bergensområdet, treftest tidleg. Dei gifte seg 1971 og to døtrer kom til verda: Ailin i 1972 og Unni i 1975.
Etter arbeid på plattform, begynte Svein på Mongstad raffineri. Statoil var òg Sveins arbeidsgjevar då han tok ut 58+ pakka og blei tidleg-pensjonist. Ein kollega i Statoil sa det slik: «Han var ein fantastisk god kollega. Tok seg godt av nyansatte.» Slik sette han òg spor etter seg innafor fagforeiningsarbeidet.
Den energiske og livsglade bergensaren hadde alltid mange prosjekt på gang. Han var svært nøye med alt arbeid han gjorde, seier barna. Allsidig var han, hadde snikkert møblar og laga dokkehus til ungane, han la steinheller i hagen nøyaktig planlagt og nøyaktig utført. Slikt blei han òg kjent for då dei etablerte seg i Bø. Han var glad i å lese, han las for ungane, og Ailin fortel med stor audmjukheit at han var den som lærte henne å elske å lese. Ho seier òg at han ikkje var ein mann av store ord: «Det var handling som var kjærlighetsspråket hans.»
Ein viktig hobby var songen, arbeidarklasse-songar eller songar frå livet på sjøen. Eg hugsar at Svein òg likte songane til Ivar Medaas. Og songen skulle han òg markere seg med då han kom til Bø, han blei med i koret Akantus der han raskt blei eit muntrasjonsråd og god støttespelar for andre. Sjølv har Harald Foss og eg sunge ein del i hop med Svein i lystelege lag, ei stor glede å musisere i lag med han! Han kunne vers på vers og hadde glimtet i auga. Så har dei òg fortalt at Svein, kanskje som den bergensaren han var, ikkje dempa seg, men tvert imot var av dei som song høgast, han kunne høyrast over alle andre.
Svein og Margrete fekk bygd seg hus i Lia i Folkestadgrenda, ikkje langt frå familien. Dei kom raskt inn i sosiale miljø og fekk vener. Margrete hamna på Meny, Svein begynte å arbeide i barnehage. Han var i fleire barnehagar, i Sandvoll barnehage var han blant anna vaktmeister. Ein sprudlande og hjelpsam handyman, det var ingen ting han ikkje kunne fikse, og ungane elska han, fortel dei frå Sandvoll.
At Svein hadde barnetekke og var barnekjær, fekk han òg utløp for då oldebarna kom til verda. Han hadde stor omsut for dei og engasjerte seg aktivt i livet deira, ut på tur for eksempel. Og han sat barnevakt når det trongst.
Likevel fekk han tid til mange «prosjekt» innafor frivillig-arbeidet i Bø. Dette blei endå viktigare for han då kona Margrete døydde i 2020, ho etterlet eit stort tomrom. Svein var aktiv i Røde Kors, var med og leia trimmen på Frivilligsentralen og var i omsorgsgruppa til Bø og Sauherad Røde Kors. Han var lytteven på skulen, var med i aktive eldre, var òg med og stelte blomster i Bø sentrum. Vidare dreiv han med volleyball for 60+. Og endå meir kunne vore fortalt om Svein.
No er det stilt i Lia, eg gjeng stundom forbi der på ski. Det er av og til elg inne på jordet der, rådyr kanskje endå meir. Dei merkar det nok dei òg, at han som budde der har gjenge ut av tida. Men ulikt dei flyktige vinterspora til desse dyra, vil spora etter Svein bli ståande lenge, lenge.
Han vil bli sakna av mange, tankane gjeng til dei næraste. Songen hans har stilna for godt. Og berre tidlaus fuglesong vil vera å høyre i Lia denne våren.