Til minne om John Utigard
John Utigard, fødd 1960, døydde under sauesanking i Byrtedalen sundag 22. september 2024. Han fekk eit kraftig hjarteinfarkt og livet stod ikkje til å redde. Han blei knappe 64 år.
John Utigard sat i Tokke kommunestyre frå 2011-2015. John var då også nestleiar i hovudutval for helse og sosial. John stilte som andrekandidat for Tokke Høgre ved valet i fjor haust. Han kom inn i kommunestyret og sat i tillegg i hovudutval for Oppvekst, kultur og idrett.
I politikken var John tydeleg og engasjert anten det var oppveksttilhøve for born eller villrein.
John hadde stor omsorg for sin familie og våre lokalsamfunn rundt i Tokke. John var ein som møtte opp på dugnader. Det er viktig i våre små bygder og grender, både for samhaldet og for å få ting gjort. Han har difor opp gjennom åra hatt mange verv anten det var i grendelag, idrettslag, veglag eller 17. maikomite. Han ynskte å gjere det bra for alle å bu og vere i Tokke.
John Utigard har stelt familiegarden i Byrte på ein framifrå måte.
Mange av oss kjenner John som han som alltid hadde tid til å slå av ein prat. Praten han hadde med alle kundane på byggevareforretninga på Dalen gjorde sitt til at mange fekk ein betre dag. Det skuldast Johns friske meiningar, omsorg for folks daglege problem og ikkje minst John sitt gode humør.
John Utigard var ein kjernekar.
Våre tankar går til ektefelle Gunn Signe, barna Evelyn og Christian og broren Harald og annan familie og vener.
Vi lyser fred over minne etter John Utigard.