LIFJELL: Utsikt mot hyttefelt ved Jønnbu.
Øystein Akselberg, arkivbilde
143 midt-telemarkingar: – Grensa er nådd på Lifjell
143 midt-telemarkingar har signert ei felles høyringsuttale om forslaget til kommunedelplan for Lifjell. Det er også sendt inn som meiningsinnlegg til Bø blad, og det kan du lese her.
Lifjell, landskapet og naturen betyr mykje for midt-telemarkingane. Kvar veke blir dette dokumentert i Bø blad sine spalter «Innflyttaren», «Bortebuaren», «Ung i Midt-Telemark» og andre spalter som får fram kva kvaliteter ved kommunen vår som har stor betydning for mange.