36 dagar for promille med semitrailer
Ein mann frå Litauen er dømd til fengsel i 36 dagar og til å betale 10.000 kroner i bot for å ha køyrd i alkoholpåverka tilstand med semitrailer.
Køyringa fann stad i Bøgata laurdag 23. november og alkoholkonsentrasjonen i blodet var på 1,96 promille. Sjåføren vart teken under køyring. Han har sete i varetekt medan han venta på dommen fordi ein var redd for at han skulle reise frå landet.