TRAVELT: Det er travelt på både Bø legesenter og Gvarv legesenter for tida. Det er mykje sjukdom, og mange ønskjer time hos fastlegen sin.
Arkivfoto
Administrasjonen får kjøpe opp pasientlister frå fastlegar
Det er vanskeleg å skaffe nye legar når nokon sluttar, også i Midt-Telemark. Administrasjonen bed derfor om at ein får lov til å kjøpe opp lister med pasientar når fastlegar sluttar.
Det vanlege er at slike lister blir selde og dei som skal starte opp må kjøpe lister. Prisen på slike lister ligg på mellom 300.000 og 500.000 kroner i Midt-Telemark.