Aksjonerte på Nordagutu: – Nei til færre stopp
Nordagutu Vel samla over hundre menneske til aksjon mot kutt i talet på togstopp på Sørlandsbanen. – Folk er fortvila. Toget er viktig for oss, seier Anne Ripegutu.
Da ekspresstoget frå Oslo i retning Bø og Stavanger rulla inn på Nordagutu stasjon klokka 17.30 tysdag kveld var det stint av folk på stasjonen. Ein kan rekne med at togføraren var rimeleg overraska over forsamlinga på perrongen. Toget køyrde uvanleg sakte inn på stasjonen.