
– Alle som arrangerer noko i Midt-Telemark bør bruke kalenderen vår
Skal du arrangere noko i Midt-Telemark og vil at flest muleg skal få det med seg? Da bør du ifølgje marknadsavdelinga i Bø blad sørgje for å vise det fram i lokalavisa.
– Me har fleire tusen sidevisingar per dag, og er den avisa som når flest lesarar i kommunen. Den digitale kalenderen til Bø blad er ein fin arena for å nå folk i Midt-Telemark, seier dagleg leiar i lokalavisa for Midt-Telemark, Linn Malén Vefald.
Godt synleg i lokalavisa
Ho fortel at i Bø blad kan ein sjølv sende inn arrangementet som ein ønskjer å ha med i den digitale kalenderen. Skjema for dette finn ein under "kalender" i nettavisa.
– Dersom ein allereie har bestilt annonse til papiravisa, som også når veldig mange, treng ein ikkje sende inn noko til nettavisa. Da får ein automatisk arrangementet med på den digitale kalenderen, seier Vefald.
Ho legg til at arrangementet blir synleg i den digitale kalenderen så snart marknadsavdelinga har godkjent det som arrangøren har lagt inn via Bø blad sine nettsider.
– Kvifor bør arrangørar i Midt-Telemark bruke dette tilbodet?
– Fordi kalenderen på boblad.no er ein god måte å vise fram arrangementet sitt på digitalt. Her får ein med bilde og informasjon på ei eiga landingsside, og arrangementa blir oversiktleg sortert på dato som gir lesarane av lokalavisa god oversikt over det som skjer i nærområdet, seier Vefald.
– Kalenderen ligg på forsida av nettavisa, så ein må ikkje ha abonnement for å sjå den. På den måten vil alle som besøker nettavisa få med seg det som skjer, seier Vefald.
Blir lettare sett
Vefald understrekar at fleire undersøkingar viser at folk blar vesentleg meir langsomt i både papiraviser og nettaviser, enn i sosiale medium.
– Det betyr at det er større sannsynlegheit for at lesarane ser arrangementet din i nettavisa til Bø blad enn på sosiale medium. Det er heller ikke sikkert at ein når ut til målgruppa eller at alle ser innhaldet på sosiale medium. Kalenderen vår er derimot eit statisk element som blir vist til alle som besøker boblad.no, seier Vefald.
Støttar lokalsamfunnet
Det er også fleire andre grunnar til at Vefald oppfordrar lokale arrangørar til å velje å vise seg fram i Bø blad framfor til dømes Facebook.
– I lokalavisa blir arrangementet publisert i eit truverdig og redaktørstyrt medium, og det fell tilbake på arrangøren. Annonsekroner som ein eventuelt legg igjen i lokalavisa gir dessutan positive ringverknadar for lokalsamfunnet i form av skatteinntekter, arbeidsplassar og sommarjobbar, i motsetning til dei store SoMe-plattformane som ikkje skattar til Noreg, seier Vefald.
– Dessutan har me hyggelege folk i marknadsavdelinga, som gjerne hjelper dei som vil v ise seg fram.