SOLID LAG: Musikarparet Anders Hefre og Johanne Flottorp får med seg eit solid lag av lokale musikarar på urframføringa.
Gro B. Røiland
Anders og Johanne fekk spesialbestilling: – Me tar med oss eit solid lag
Torsdagskvelden på Telemarkfestivalen byr på heile to tingingsverk som begge finn stad i kyrkjene på Bøhaugen.
Telemarkfestivalen 2023 blir opna med ikkje mindre enn to tingingsverk. Begge er lagt til dei flotta kyrkjeromma på Bøhaugen. Det første tingingsverket har fått namnet «Som lindi bere lauv», og har musikarparet Anders Hefre og Johanne Flottorp som komponistar. I tingingsverk nummer to, «Songhus», vert det eit møte mellom norsk og irsk folkemusikk i form av musikarane Anne Hytta og Caoimhín O Raghallaigh.