Anlaug og gjengen hennar starta helga med pølsefest
Opning av den nye gapahuken på Bø skule blei feira med skikkeleg pølsefest fredag. Bak byggverket ligg det mange dugnadstimar og mykje positiv velvilje.
Fredag ettermiddag var det pølsefest ved SFO på Bø skule. Tida var kome for å opne den splitter nye gapahuken som står på uteområdet til skulen. Bygget har ein prislapp på 250.000 kroner, pluss alt det som har med grunnarbeid å gjere.