BUR FOR SEG SJØLV: Anne Bakken bur i dag i ein leilegheit ved Bø sjukeheim. Her har ho ein flott uteplass kor ho ofte sit når sola skin.
Tom Arnesen
Anne dreiv butikk med stamkundar i 20 år : – Det var ein særs triveleg jobb
– Då eg voks opp, var det meste heilt annleis enn det er i dag. Folk som veks opp no, vil ikkje tru at det var mogleg å leve slik me gjorde, seier Anne Bakken med ettertanke. Ho nærmar seg 99 år.
Anne Bakken blei fødd på Øygarden i Svenseid ein septemberdag i 1925. Her voks ho opp saman med åtte sysken.