STÅR SAMAN: -Nærbutikken er viktig for Nordagutu, på fleire måtar, heile bygda slår ring om Vincent og Tanja, seier Anne Ripegutu, leier av velforeninga.
Unni Buverud
Anne og bygda slår ring om Vincent og Tanja
Nordgutu vel inviterte til folkemøte for å sjå kva som kan gjerast for å støtte opp om Joker Nordagutu. Dei oppmodar til auka bruk av nærbutikikken, og vurderar eit spleiselag.
Bø blad har tidlegare skrive at høge straumprisar og dyre daglegvarer gjer nærbutikken sårbar. Eigarane Vincent´t Hart og Tanja Sluijsmans legg ikkje skjul på at det er tøffe tider. No har velforeninga engasjera seg.