FØLGDE MØTET: Anne Holtan Saga og Egil Saga på utvalsmøte på Bekkevoll tysdag.
Øystein Akselberg
Anne og Egil fekk tommel opp frå politikarane
Etter to møte og synfaring enda kommunens planutval med fleirtal for å kunne byggje ein bustad utan fullstendig reguleringsplan.
Planutvalet i Midt-Telemark kommune har hatt både møte og synfaring i samband med ei sak som handlar om ei tomt i Lektorvegen i Bø. Politikarane sin konklusjon blei til slutt eit fleirtal, 6 mot 1, for å opne opp for å byggje ein bustad utan å lage fullstendig reguleringsplan på tomta.