N
Arbeidsledigheita aukar kraftig
Midt-Telemark har dei to siste vekene opplevd ei stor auke av arbeidsledige, permitterte og sjukemeldte. No er det meir enn 400 arbeidsledige i Midt-Telemark. Dette er over åtte prosent av arbeidsstyrken.
I veke 11 var det 92 arbeidsledige i Midt-Telemark. Tirsdag 24. mars er talet auka til 433. Dette betyr at 8,2 prosent av arbeidsstyrken i Midt-Telemark er registrert som arbeidsledige.