Å
Årets bøhering – løypemannen på Lifjell
Årets bøhering er Nils Arne Folkestad. Utmerkinga får han for innsatsen som kjentmann og løypekøyrar på Lifjell gjennom mange år.
Etter forslag på kandidatar frå Bø blads lesarar har lokalavisas styre kåra Nils Arne Folkestad (59) til Årets bøhering for hans innsats som løypekøyrar på Lifjell gjennom mange år.
– Han er ein bauta på fjellet og ein tryggleik som kjentmann. Heilt sidan han var gutunge har han drive denne dugnaden på fjellet. Han er tredje generasjon som gjer denne jobben, og har fjerde og femte generasjon under opplæring. Jobben som blir gjort blir ikkje alltid sett av alle, men den betyr mykje for svært mange, både innbyggjarar i kommunen og nærområda, samt hyttefolk. Folkestad er med på å gjere fjell og friluftsliv meir tilgjengeleg for folk flest, seier styret i si grunngjeving.
Nyleg møtte styreleiar i Bø blad, Eivind Eckbo, Nils Arne Folkestad på Jønnbu og overrekte keramikkfatet som bevis på utmerkinga. Fatet er laga av Marta Bjelland Bø.
– Dette er overveldande. Det er ei stor overrasking og noko eg på ingen måte hadde rekna med, sa Folkestad.