I ARKIVET: Her blir arkivavtala signert av Jorun Henriksen, leiar i Norges Bygdekvinnelag og Per Kristian Ottersland frå Arkivverket.
Cesilie Aurbakken
Arkivverket tek over Norges Bygdekvinnelag sitt arkiv
Norges Bygdekvinnelag si historie er sikra for framtida. Riksarkivet har tatt over arkivet. Det inneber også at det blir gjort tilgjengeleg for alle.
– Me er veldig glade for at historia vår no både er sikra og blir tilgjengeleg for alle interesserte, seier leiar Jorun Henriksen i Norges Bygdekvinnelag.