ARBEIDSMARKNADEN. Figuren viser arbeidsledigheita i Vestfold og Telemark fylke ved utgangen av januar 2023.
Illustrasjon: NAV.
Auke i arbeidsledigheita, også i Midt-Telemark
NAV melder om ei auke på 800 heilt arbeidsledige i løpet av januar i år. I Midt-Telemark er auken meir moderat.
I januar hadde Vestfold og Telemark høgast andel heilt arbeidsledige i landet. Medan 2,5 prosent av arbeidsstyrken i fylket var utan jobb, var landssnittet på 1,9 prosent. 5.300 personar var registrert som heilt arbeidsledige i januar. Det er 800 fleire enn i desember i fjor.