T
Bed om avklaring for Dyrsku’n
Ordføraren i Seljord har skrive brev til kulturministeren og bede om avklaring på om Dyrsku’n i Seljord må avlysast for første gong på 154 år. Også Dyrsku-sjefen treng svar.
– Seljord kommune har fått fagleg råd frå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark om å ikkje planlegge for større arrangement i 2020, skriv ordførar Beate Marie Dahl Eide i brevet til regjeringa ved kulturminister Abid Raja.