SKULESTRUKTUR: Måndag stemde formannskapet over framtidig skulestruktur i Bø. F.v. og rundt bordet, Ingemar Bråten, Høgre, Chase Alexander Jordal, Sp, Bjørn Magne Langkås, Frp, Siri Blichfeldt Dyrland, Sp, Per Dehli, Karin Hagen, Ap, Hans Sundsvalen, Ap, og Per Atle Einan , SV, med ryggen til.
Marta Kjøllesdal
Behandla framtida til Folkestad skule: – Ei tøff sak
Det var ikkje store sprik i meininga om å slå saman Folkestad og Bø skule eller ikkje i formannskapet. Ordføraren kom i mindretal når det gjeld utbyggingsramme.
Behandlinga av saka om ein skal slå saman Folkestad skule og Bø skule og samle alle elevane på Bø skule har gått i rekordfart sidan administrasjonen fekk ja til å sjå på problemstillinga av kommunestyret i februar. Måndag var saka oppe i formannskapet. Oppvekstutvalet har tidlegare sagt ja. Det vil seie at 1. klasse blir samla ved Bø skule til hausten, resten følgjer etter hausten 2025.