G
Berre ein veg i øvre Telemark får asfalt i 2020
Vestfold og Telemark fylkeskommune skal asfaltere 60 kilometer veg i år. Berre fire kilometer er i øvre deler av fylket. Å få mest for pengane blir oppgitt som grunn.
Fylkeskommunen bed om pris på asfaltering. Fristen for å levere anbod er 16. april. Det går det fram av ei pressemelding frå Vestfold og Telemark fylkeskommune. I pressemeldinga er vegane som skal få asfalt lista opp. Den einaste som er med her av vegar i øvre deler av fylket er Garvikstrondi med 4.000 meter.