SØRG FOR SIKKER MOKING: Alt arbeid over to meter skal sikrast.
Arbeidstilsynet
Betalar du ungdom for å moke taket? Hugs at du har ansvar for sikring
Mykje snø i store delar av landet tvingar mange opp på taket for å moke. Du blir rekna som arbeidsgivar og har ansvar for forsvarleg sikring dersom du betaler kjentfolk eller ungdom for å gjera jobben.
Når snøen lavar ned, er det mange privatpersonar som betaler andre for å moke for seg. For til dømes eldre eller menneske med rørslevanskar, kan det vere føremålstenleg å betale nokon for å gjere den tunge jobben.