IKKJE FORNØGDE. Laila Taraldsen (t.v.) og Ingebjørg Moen er overraska over det som skjer. Pårørande Halvard Kaasa reagerer også.
Marta Kjøllesdal
Blir oppfordra til å kjøpe Fjordland eller anna ferdigmat
I tre veker i juli må bebuarane på Furuheim ordne maten sjølv. Det vekkjer reaksjonar. Kommunen seier dei som treng det får hjelp.
Dette er siste veka dei som bur på Furuheim bo- og aktivitetssenter får servert middag. I dei tre komande vekene i juli blir det ikkje servert ferdig mat. Det fortel Halvard Kaasa. Han har mor si buande her og seier at mange av dei som bur her er fortvila.