VETERAN: I ein mannsalder har Borgar Torbjørn Kaasa vore med i lokalpolitikken.
Hilde Eika Nesje
Borgar gir seg ikkje ennå: – Eg likar å vere med der det skjer
Han har fått ny tillit, og gyv laus på leiarvervet nok ein gong. – Det er jo morosamt, seier Borgar Torbjørn Kaasa.
– Eg er ikkje med i kommunestyret lenger, men prøver å vere bindeledd mellom medlemmane og kommunestyregruppa, slik at kommunikasjonen fungerer. Det er interessant å fortsatt vere del av politikken og følgje aktuelle saker i lokalsamfunnet, seier ein politisk veteran og tidlegare ordførar i Bø.