DILL OG DALL: Butikkmedarbeidar Rikke Helmine Dahl (t.v.) og eigar Pia Strand kosar seg i butikken.
Øystein Akselberg
Da Pia ikkje hadde plass til alle dyra heime lenger, blei løysinga å starte dyrebutikk
To store hundar og seks akvarium heime blei til slutt for mykje for Pia Strand. Løysinga på plassmangelen blei å starte butikk.
– Me budde på 54 kvadratmeter med to St. Bernhards hundar og seks akvarium heime. Eg trengte meir plass til alt saman, seier Pia Strand med eit smil.