HER BLIR DET MARKNAD: Landbrukssjef Tora Sjerkholt Aarnes (f.v.) og styreleiar i Norsk Eplefest, Mette Haugholt, har eplefestantrekket klart.
Gro B. Røiland
Damene er klare for fest og marknad
Tora og Mette gler seg til fest og marknadsliv på Gvarv stasjon. Her blir det nærmare 50 utstillarar frå nær og fjern.
Styreleiar i Norsk Eplefest, Mette Haugholt, og landbrukssjef Tora Skjerkholt Aarnes har funne fram jakkene med Norsk Eplefest-logo og er klare for årets store eplefest. Det nærmar seg avspark for arrangementshelga og ikkje minst marknadsdagen ved Gvarv stasjon.