Dei drog frå byen, og kjøpte gammal kyrkje som skal bli herskapshus
Ei gammal kyrkje for sal, to eksentriske karar og eit stort prosjekt. Det skjer spennande ting på Akkerhaugen.
Ved eit slumpetreff såg paret Andrè Barroso Martins (28) og Ole Martin Thorshaug Kristiansen (26) ei bustadannonse på Finn.no. Den gamle kyrkja på Akkerhaugen låg ute for sal, og dei bestemte seg for å forlate eit koronastengt Oslo våren 2021 og dra på visning.