DEMONSTRASJON: Politikarane vart møtt av demonstrantar utanfor kommunehuset før møtet måndag.
Marta Kjøllesdsl
Demonstrerte før budsjettbehandlinga
Då kommunestyrerepresentantane kom til kommunehuset måndag morgon for å behandle neste års budsjett vart dei møtt av demonstrantar.
Måndag 9. desember er det kommunestyremøte heile dagen, med mange saker på sakskartet. Kommunestyret skal blant anna behandle neste års budsjett, og det er spenning rundt kva for kutt politikarane vil gjennomføre.