Den eldste bedrifta i kommunen har investert 20 millionar kroner
Ordføraren fekk svinge øksa da den tradisjonsrike bedrifta sitt nye bygg skulle opnast. I veksthuset bak står 1,6 millionar små og energiske granplantar på rekkje og rad.
I ei tradisjonsrik bedrift på Gvarv var det festivitas og god stemning denne veka. På planteskulen i Håtveitvegen markerte Norgesplanter opning av nytt veksthus, med tilhøyrande flisfyringsanlegg.