VOKALISTAR: Vokalistane Håkon Kyllingmark, Marjit Vinjerui, Anne Haukvik Sauar, Fredrick Kaasa, Lene Langåsdalen og Live Sveva har tatt utfordringa.
Privat
Denne gjengen skal hylle legendarisk 80-åring
Fredag skal gode musikalske krefter frå Akkerhaugen Rocksamfunn tolke Joni Mitchell i Bø jazzklubb. Billettsalet går bra, opplyser jazzklubbleiar Kristoffer Mosfjeld, som har tru på ein fantastisk konsert.
Den 7. november fylte den legendariske songaren, låtskivaren og komponisten Joni Mitchell 80 år. Det blir markert på mange scenar rundt om i verda, også i Midt-Telemark. Fredag skal Akkerhaugen Rocksamfunn (ARS) hylle Joni Mitchell med konsert i Bø jazzklubb. Konserten er ei bestilling frå jazzklubben.