KONTROLLERER HAGAR I MIDT-TELEMARK: I denne hagen i Bø er det gjort funn av bulkemispel (busken til høgre på bildet). Den hadde spreidd seg til fleire plassar i hagen, og vil no bli fjerna. F.v. kontrollørane Jan Ole Benestveit og Johan Ribe, fruktkonsulent Jan Meland frå Nome og Midt-Telemark landbrukskontor, fagrådgjevar Tone Gislerud og Knut Espevig, seniorinspektør plantehelse, begge Mattilsynet.
Øystein Akselberg
Denne gjengen skal sjekke private hagar i heile Midt-Telemark
Mattilsynet set inn store ressursar for å stoppe plantesjukdommen pærebrann. No blir det kontroll og rydding i private hagar i Midt-Telemark.
Komande veke startar Mattilsynet sine folk arbeidet med kontroll og rydding ved funn av hage- og prydbuskene bulkemispel og pilemispel. Desse plantane er potensielt vertar for den alvorlege plantesjukdommen pærebrann. Sjukdommen kjem av ein bakterie og er det mest skadelege sjukdommen på eple- og pæretre globalt sett.