Leiar

KONSERT: Johanne Møllerbråten frå Gvarv på julekonsert i Bø kyrkje.

Derfor skriv lokal­avisa di om kultur

Publisert Sist oppdatert

I ei tid der norske medier nedprioriterer å skrive om kultur, og kanskje ikkje gjer det i det heile, har lokalavisa i Midt-Telemark valt å gå ein annan veg. Argumentet for å kutte i kulturjournalistikken er at folk ikkje er interessert i det, fordi ein kan sjå det på lesartala i nettavisa. I Bø blad er det slik at også kultustoffet har mange lesarar, men også her handlar det sjølvsagt om korleis ein vinklar og skriv om kultur. Klassiske førehandssaker ser me ikkje slår så godt an, men gode historier gjer det.

Kvifor vel me å skrive om kultur? Fordi folk er opptatt av det, interessert i det og driv med det. Og fordi kulturlivet blomstrar her me bur. Midt-Telemark kommune har eit kulturtilbod like godt som ein middels stor by i Noreg, og ein kan ikkje bli anna enn imponert av alt som foregår her og over kva som blir skapt her til ei kvar tid. Slik har det vore i veldig mange år. Når ein skryter av at folketalet veks, må ein ikkje gløyme at det rike kulturlivet faktisk er noko av det som trekkjer folk i alle aldrar til staden me bur.

I kommunen vår bur det kunstnarar, forfattarar, musikarar og skodespelarar som presterer på høgt nivå, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og med dei dryp det på resten av lokalsamfunnet, enten det er i form av inspirasjon, læring eller skapartrong. Det er så utruleg mange flinke folk som bidrar til å skape engasjement og gode møteplassar i Midt-Telemark. Kulturarrangementa i kommunen er veldig godt besøkt, enten det handlar om konsertar eller foredrag, lokalrevy, utstillingar eller festivalar. Kulturen er for og med alle, uansett alder, kjønn og sosial tilknytning. Derfor kan ikkje lokalavisa unngå kulturen.

I Midt-Telemark har me kino med høge besøkstal, og eit stort kunstnarmiljø som blomstrar under eplefesten når galleria opnar. Her er eit folkemusikkmiljø med mange av Noregs beste utøvarar, og eit rocke- og metallmiljø som har erobra verda. Kulturskulen vår har fostra mange kjente utøvarar på ulike plan, og skaper stor glede og samhald på amatørnivå, der alle får plass til å boltre seg uansett om dei spelar til husbruk eller siktar mot stjernene. Kor mange kommunar kan til dømes skilte med like god rekruttering i korpsmiljøet dei siste åra? Alle organisasjonane på amatørnivå er viktige. Dei er med på å skape det gode kulturlivet som gjer det bra å bu her.

Til og med litteratur er viktig for oss. Ein ting er forfattarstudiet , lokal historieforteljing og litteraturfestivalen Bøker i Bø, men kven skulle tru at ein bokhandel skulle drive med kultur og skape møteplasser - og attpåtil ha veldig stor oppslutning på alle arrangement?

Kultur i mange fasettar gjer oss både stolte og glade, og den gir livet meining. Derfor skriv lokalavisa di om kultur.

Powered by Labrador CMS